Maskinsjef sambandet Halsa-Kanestraum, p.t. MF Korsfjord
Listed on 2026-03-02
-
Marketing / Advertising / PR
Digital Media / Production, Ecommerce
Location: Idaho City
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mestattraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Halsa-Kanestraum, p.t. MF Korsfjord.
Kvifor bør du søke?
- Du blir ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Fleksibel skiftordning: Døgngvakt-12/9 rotasjon, ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
- Karrieremoglegheiter:
Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
- Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
- Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
- Attraktive velferdsordningar
inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid. - Ein arbeidsplass med fokus på trivsel
– god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag. - Utviklingsmoglegheiter
– arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling. - Fleksibilitet
– god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb. - Moderne arbeidsverktøy og teknologi
– du jobbar på ein av Noregs mest avanserte el-hybridferjer. - Stabilitet og tryggleik
– bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Er du klar for nye utfordringar på ein av Noregs mest moderne ferjer?
Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
#J-18808-Ljbffr(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).